Vi søkjer elektrikarar

MultiVolt AS har fått nye og spanande kontraktar og vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som elektrikar i vår bedrift vil du  få både ansvar og utfordringar. Sidan vi jobbar innan fleire segment vil arbeidsdagen vere variert og lite prega av repetisjonsarbeid.

Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere:

Utføre variert installasjonsarbeid på oppdrag av overordna personell i samsvar med dokumentasjon, god fagleg skikk og gjeldande lovverk.

Bestille materiell og foreta mottakskontroll.

Rapportere framdrift for eige arbeid.

Orden og reinhald på arbeidsstad og servicebil.

Bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar:

Fagbrev som elektromontør gr. L, samt førarkort kl. B.

Vi vektlegg godt arbeidsmiljø der kvalitet, orden, sikkerheit og humor skal ha hovudfokus i arbeidsdagen vår.

Vi tilbyr:

Konkurransedyktige løn- og pensjonsvilkår.

Dei tilsette er bedrifta sin største og viktigaste ressurs, og vi har fokus på at den enkelte skal få utvikle seg og at alle har det bra på jobb!

 

Søknadsfrist 30/9-17 til post@multivolt.no